Musicians Hall of Fame and Museum

Musicians Hall of Fame and Museum (MHOF) i Nashville i Tennessee er eit æresgalleri og museum vigd alle typar musikarar, utan omsyn til sjanger eller instrument. Det tek for seg ei tidsline som byrjar med dei fyrste musikkinnspelingane. Dei innvigde musikarane blir nominerte av medlemmar av American Federation of Musicians og av andre profesjonelle i musikkindustrien.

Musicians Hall of Fame and Museum

StadNashville
Skipa2006
Kart
Musicians Hall of Fame and Museum
36°10′03″N 86°46′56″W / 36.16758056°N 86.78224444°W / 36.16758056; -86.78224444
Offisiell logo

Det fyrste museet

endre

Museet opna for fyrste gong den 6. juni 2006 i 301 6th Ave. S. i Nashville, . Det stilte hovudsakleg ut instrument som var eigde og spelte av kjende artistar og av mindre kjende session-musikarar. Desse musikarane var ofte husmusikarar i byar som Memphis, Los Angeles, Detroit, Nashville, Muscle Shoals og New York. Desse musikarane var ofte dei ukjende heltane bak dei suksessfulle hittane til mange store aritstar. Desse relativt små gruppene av musikarar spelte ofte på dei fleste hitane på 1950-talet, 1960-talet, 1970-talet og 1980-talet.

Stenging og gjenopning

endre

I februar 2010 tvangskjøpte byen Nashville eigedommen for å gje plass til Music City Center, eit nytt kongressenter. 29. august 2013 opna MHOF i fyrste etasje av det historiske Nashville Municipal Auditorium like utanfor James Robertson Parkway-avkjørsla av 401 Gay Street i Nashville. 200.000 kvadratmeter bygning huser det historiske kommunale auditoriet med 10.000 sete.

Innvigde

endre

Kjelder

endre
  1. «Archived copy». Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 5. november 2013.