Joe Biden

46. USAs president

Joseph Robinette Biden, Jr. (fødd 20. november 1942), oftast berre kalla Joe Biden, er ein amerikansk politikar for Det demokratiske partiet i USA og president i USA sidan 2021. Han var senator i det amerikanske senatet for delstaten Delaware frå 1973 til 2009, og seinare den 47. visepresidenten i USA under Barack Obama frå 2009 til 2017.

Joe Biden

Fødd20. november 1942 (81 år)
Scranton
Statsborgar avUSA
PartiDet demokratiske partiet i USA
Yrkepolitikar, advokat, universitetslærar, skribent, diplomat, jurist
InstitusjonarUniversity of Pennsylvania
Widener University
Utdanna vedSyracuse University
University of Delaware
Archmere Academy
Garden City Collegiate
MorJean Biden
FarJoseph Robinette Biden Sr.
EktefelleNeilia Hunter, Jill Biden
BarnBeau Biden, Amy Biden, Hunter Biden, Ashley Biden
VervPresident i USA
FøregangarDick Cheney
EtterfylgjarMike Pence
VervSenator 3. januar 1973–15. januar 2009
FøregangarCaleb Boggs
EtterfylgjarTed Kaufmann
Alle verv
Signatur

Biden vart vald til USAs 46. president i det amerikanske presidentvalet i 2020 og innsett som president 20. januar 2021.[1]

Bakgrunn

endre

Joe Biden vart fødd ved St. Mary's Hospital i Scranton i Pennsylvania og gjekk på St. Paul's grunnskule i byen.[2] I 1955 flytta han saman med familien til Mayfield i Delaware.

 
Joe Biden som student ved University of Delaware i 1965.

I 1962 byrja Biden å studere historie og politisk vitenskap ved University of Delaware. Undervegs i studietida møtte hnan Neilia Hunter, som studerte ved Syrcause University i New York.[3] Etter at han var ferdig med studiane i Delaware i 1965, byrja Biden å studera juss ved Syracuse University.[4]

Biden og Hunter gifta seg 27. august 1966. Etter at Biden vart ferdig med jusstudiet ved Syracus flytta paret til Wilmington der han jobba som jurist.

Den fyrste kona til Biden, Neilia (f. Hunter), døydde i ei bilulukke i 1973 saman med det eine av tre barn. I 1977 gifte Biden seg med Jill Tracy Jacobs, og dei har eitt barn saman.

Politikk

endre

I 1970 vart han vald inn til fylkesstyret i New Castle der han hadde vervet fram til 1972. Som den femste yngste personen gjennom historia vart Biden vald inn i det amerikanske senatet i 1973.[5] Han har sete som senator i totalt seks periodar etter dette. Biden var leiar i justiskomitéen frå 1987 til 1995.

Han stilte som presidentkanditat for Det demokratiske partiet i 1988 og i 2008, men trakk ved begge høva sitt kandidatur grunna manglande oppslutnad. Etter å ha trukke seg som presidentkandidat i januar 2008[6] vart han i august 2008 vald av Barack Obama som kandidat for rolla som visepresident.[7][8]

Kjelder

endre
  1. Behrmann, Savannah, «Biden's Inauguration Day: What will look different, who will attend and what will go virtual», USA TODAY (på engelsk), henta 19. januar 2021 
  2. «Joe Biden», Biography (på engelsk), henta 19. januar 2021 
  3. Schroeder, Jackson (27. februar 2020), «Joe Biden’s Life As A College Student | The University Network», www.tun.com (på engelsk), henta 19. januar 2021 
  4. «Joe Biden officially becomes first Syracuse University grad to lead major party in presidential race», syracuse (på engelsk), 21. august 2020, henta 19. januar 2021 
  5. Bostock, Bill, «Jon Ossoff is the youngest Democrat elected to the Senate since Joe Biden in 1973», Business Insider, henta 19. januar 2021 
  6. «Biden, Dodd Drop Out Of Democratic Race», www.cbsnews.com (på engelsk), henta 19. januar 2021 
  7. Nagourney, Adam; Zeleny, Jeff (23. august 2008). «Obama Chooses Biden as Running Mate (Published 2008)». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. 
  8. «Obama picks Joe Biden as Democratic vice-presidential nominee», the Guardian (på engelsk), 23. august 2008, henta 19. januar 2021 
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.