Joe Lynn Turner
Joe Lynn Turner (fødd 2. august 1951) er ein amerikansk songar, kjend som vokalist i hardrockbandet Rainbow.[1] I løpet av karrieren sin har Turner fronta poprockbandet Fandango, og hatt korte periodar som vokalist med Yngwie Malmsteen's Rising Force og Deep Purple. Frå seint i 1990-åra har han spelt inn mange soloalbum og delteke på andre prosjekt.
Joe Lynn Turner | |||
Turner i Sverige i 2010 | |||
Fødd | 2. august 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hackensack i New Jersey i USA | ||
Fødenamn | Joseph Arthur Mark Linquito | ||
Alias | JLT | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1976 til i dag | ||
Sjanger | Hardrock, poprock, heavy metal | ||
Instrument | Vokal, gitar, trekkspel | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | Fandango, Rainbow, Yngwie Malmsteen's Rising Force, Deep Purple, Mothers Army, Brazen Abbot, Hughes Turner Project, Sunstorm, The Jan Holberg Project | ||
Plateselskap | Elektra, Frontiers | ||
Verka som | Songar og låtskrivar, musikar |
Han er for tida vokalist i Rainbow-coverbandet Over the Rainbow.
Han fekk gjennombrotet sitt då han erstatta Graham Bonnet som som vokalist i Rainbow i 1980. Han deltok på tre album før bandet vart oppløyst i 1984. Han gav så ut solodebutplata si Rescue You. I 1988 vart han med Yngwie Malmsteen og deltok på eit studioalbum, eit konsertalbum og seinare eit samlealbum. Han forlét Yngwie Malmsteen i 1989 for å bli med Deep Purple. Han deltok på albumet Slaves and Masters, etter dette har han hovudsakleg konsentrert seg om solokarrieren sin. Han har òg vore studiomusiker for norske TNT og song korvokal på albuma Intuition (1989) og Realized Fantasies (1992). I 2011 var han vokalist på The Jan Erling Holberg Project ft. Joe Lynn Turners Sense of time, som hadde ein miniturnè i Noreg same sommar.
Diskografi
endreSolo
endre- Rescue You (1985)
- Nothing's Changed (1995)
- Under Cover (1997, cover album)
- Hurry Up And Wait (1998)
- Under Cover 2 (1999, cover album)
- Waiting For A Girl Like You (1999, EP)
- Holy Man (2000)
- Challenge Them All (2001, EP)
- Slam (2001)
- JLT (2003)
- The Usual Suspects (2005)
- Second Hand Life (2007)
- Live in Germany (2008)
- The Sessions (2016, compilation)
- Belly of the Beast (2022)
Andre band og sideprosjekt
endre- Fandango - Fandango (1977)
- Fandango - Last Kiss (1978)
- Fandango - One Night Stand (1979)
- Fandango - Cadillac (1980)
- Rainbow - «Difficult to Cure» (1981)
- Rainbow - «Straight Between the Eyes» (1982)
- Rainbow - «Bent Out of Shape» (1983)
- Yngwie J. Malmsteen's Rising Force - Odyssey (1988)
- Yngwie Malmsteen - Trial by Fire (1989)
- Deep Purple - «Slaves and Masters» (1990)
- Mothers Army - Mothers Army (1993)
- Brazen Abbot - Eye of the Storm (1996)
- Mothers Army - Planet Earth (1997)
- Brazen Abbot - Bad Religion (1997)
- Mothers Army - Fire on The Moon (1998)
- Fandango - The Best of Fandango (1999, Japan only)
- Hughes Turner Project - HTP (2002)
- Hughes Turner Project - Live in Tokyo (2002)
- Brazen Abbot - Guilty as Sin (2003)
- Hughes Turner Project - HTP 2 (2003)
- Brazen Abbot - A Decade of Brazen Abbot (2004, konsertalbum)
- Michael Men Project - Made in Moscow (2005, med Glenn Hughes)
- Brazen Abbot - My Resurrection (2005)
- Akira Kajiyama + Joe Lynn Turner - Fire Without Flame (2006)
- Sunstorm - Sunstorm (2006)
- Cem Köksal featuring Joe Lynn Turner - Live! (2007, DVD, med Cem Köksal)
- Brazen Abbot - Live At Berkrock (DVD) (2008)
- Sunstorm - House of Dreams (2009)
- The Jan Holberg Project - Sense of Time (2011)
- Sunstorm - Emotional Fire (2012)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Joe Lynn Turner» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2012.
- ↑ Thompson, Dave (2004). Smoke on the Water: The Deep Purple Story. ECW Press. s. 260–. ISBN 978-1-55022-618-8. Henta 28. mai 2012.