Opna hovudmenyen

Joseph Fidler «Joe» Walsh (fødd 20. november 1947)[1] er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, komponist, multi-instrumentalist og plateprodusent. I ein karriere som har vart meir enn 40 år, har Walsh vore medlem av fem suksessrike rockeband: Eagles, the James Gang, Barnstorm, The Party Boys og Ringo Starr & His All-Starr Band. I 1990-åra var han òg medlem av den kortvarige supergruppa The Best. Han har òg hatt ein suksessrik solokarriere og vore ein aktiv studiomusikar for mange andre artistar. I 2011 plasserte Rolling Stone Walsh på 54. plassen på lista si over dei 100 beste gitaristane gjennom tidende.[2]

Joe Walsh
Joe Walsh Troubadour 2012.jpg
Walsh på The Troubadour i West Hollywood i Los Angeles i 2012
Fødd20. november 1947 (71 år)
FødestadWichita i Kansas i USA
FødenamnJoseph Fidler Walsh
Alias«Clown Prince of Rock»
«Average Joe»
OpphavUSA
Aktiv1964 til i dag
Sjanger
Instrument
  • vokal
  • gitar
  • Organ
Kjende instrumentGibson Les Paul

Fender Stratocaster Fender Telecaster

Rickenbacker 330JG
Stemmetypetenor
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • songar
  • låtskrivar
  • multi-instrumentalist
  • plateprodusent
PrisarKennedy Center Honors

Walsh vart med i Eagles i 1975 som klaverinstrumentist og gitarist etter at det opphavlege medlemmet Bernie Leadon slutta. Det første albumet hans med bandet var Hotel California.[3] I 1998 valte magasinet Guitarist ut gitarsoloane på songen «Hotel California» av Walsh og Don Felder[4] som ein av dei beste gitarsoloane gjennom tidene, med ein åttande plass.[5]

Som soloartist gav Walsh ut debutalbumet sitt The Smoker You Drink, the Player You Get i 1973. Sidan den gong har han gjeve ut tolv studioalbum, seks samlealbum og to konsertalbum. Av solohittar finn ein «Rocky Mountain Way», «Life's Been Good», «All Night Long», «A Life of Illusion» og «Ordinary Average Guy».

Som medlem av Eagles, vart Walsh innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998, og Vocal Group Hall of Fame i 2001. The Eagles vert rekna som eit av mest inspirasjonsrike banda i 1970-åra og dei har vore eit av dei mestseljande amerikanske gruppene i musikkhistoria.[6] Walsh sine kreative, musikalske bidrag har blitt hylla av mange av dei beste rockegitaristane, som Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page, som sa «han har ei valdsam kjensle for instrumentet. Eg har elska stilen hans sidan han var med i James Gang.»[7] Eric Clapton sa ein gong «han er ein av dei beste gitaristane som har dukka opp no på ei tid. Eg høyrer ikkje på mange album, men eg høyrer på hans.»[7] The Who-gitaristen Pete Townshend, ein ven av Walsh, sa «Joe Walsh er ein flytande og intelligent musikar. Det finst ikkje så mange som det.»[2][7]

Innhaldsliste

BiografiEndra

Walsh vart fødd i Wichita i Kansas, og studerte opphavleg obo og klarinett, og spelte seinare bass i dei lokale banda the G-Clefs og the Nomads. Medan han gjekk på Kent State University byrja han omsider å spele gitar, og var frontmann i studentgruppa the Measles frå 1965 til 1969. Han vart så med i den Cleveland-baserte hardrocktrioen the James Gang, og spelte på debutplata Yer' Album. Albumet deira The James Gang Rides Again i 1970, vart det kommersielle gjennombrotet deira med radiohitten «Funk #49», og selde til gullplate. Oppfølgjaren Thirds, vart ein annan suksess, med klassikaren «Walk Away», men Walsh syns power-trioformatet til James Gang vart for avgrensa og slutta i gruppa kort tid etter.

Etter å ha flytta til Colorado, danna Walsh gruppa Barnstorm, som spelte inn eit album med same namn i 1972, før han gav ut det første soloalbumet sitt seinare på året, The Smoker You Drink, the Player You Get. Plata nådde topp 10 og gav han hitten «Rocky Mountain Way», og vart oppfølgd av So What i 1974. Etter You Can't Argue with a Sick Mind i 1976, erstatta Walsh gitaristen Bernie Leadon i det særs populære bandet Eagles, og debuterte for dei mest bestseljaren Hotel California. Han fortsette òg solokarrieren sin, og gav ut But Seriously, Folks... i 1978. Den største hitten hans som soloartist kom frå dette albumet, «Life's Been Good», som neten nådde topp 10 i USA. I 1979 annonserte Walsh at han stilte som presidentkandidat for USA og lovde «gratis drivstoff til alle» om han vann (det gjorde han ikkje). Det siste Eagles-albumet, The Long Run, kom ut same året.

Filmmusikken til filmen Urban Cowboy gav Walsh den neste solohitten, «All Night Long», som nådde Topp 20 sommaren 1980. Albumet There Goes the Neighborhood i 1981 gav han den siste Topp 40-singelen hans, «A Life of Illusion». Han fortsette platekarrieren sin og gav i 1983 ut You Bought It: You Name It og The Confessor to år seinare. Innimellom stilte Walsh som vispresidentkandidat, igjen utan suksess. I 1987 kom Got Any Gum?, og han turnerte med Ringo Starr & His All Starr Band. I 1991 fortsette han solokarrieren med Ordinary Average Guy. I 1994 vart han med Eagles at for den storseljande turneen Hell Freezes Over. I 2012, etter fleire år med Eagles, gav han ut det første soloalbumet med produsenten Jeff Lynne (frå Electric Light Orchestra) og Beatles-trommisen Starr. Det vart eit slags comeback for Walsh med albumet Analog Man.

DiskografiEndra

FilmarEndra

I film og fjernsyn
Tittel År Rolle Merknad
Zachariah 1971 Medlem av the James Gang film
The Blues Brothers 1980 Fange Film
Promised Land 1996 R.J. TV-serie
The Drew Carey Show 1998–2001 Ed TV-serie

KjelderEndra

  1. «Walsh, Joe», Contemporary Musikars, Cenegage, henta 16. oktober 2015 
  2. 2,0 2,1 «100 Greatest gitarists: Joe Walsh», Rolling Stone, henta 15. januar 2013 
  3. Felder, Don; Holden, Wendy (2008). Heaven and Hell: My Life in the Eagles (1974–2001). Wiley & Sons. ISBN 978-0-470-45042-0.
  4. 100 Greatest Guitar Solos: No. 8 — «Hotel California» (Don Felder, Joe Walsh), guitarworld.com, henta 16. oktober 2015 
  5. Best Solos, rocklistmusic.co.uk, henta 16. oktober 2015 
  6. About Joe Walsh, JoeWalsh.com, henta 16. oktober 2015 
  7. 7,0 7,1 7,2 Joe Walsh, TheUncool.com, henta 16. oktober 2015 

BakgrunnsstoffEndra