Opna hovudmenyen

Joel Nathaniel Campbell Samuels (fødd 26. juni 1992) er ein kostarikansk fotballspelar som har spela for greske Olympiakos der han var på utlån frå Arsenal FC. Campbell har også spela på det kostarikanske landslaget og var med i VM i fotball 2014.

Joel Campbell
Joel Campbell'14.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Joel Nathaniel Campbell Samuels
Fødd 26. juni 1992
Fødestad San José i Costa Rica
Høgd 178 cm
Posisjon Spiss/ kant
Klubbinformasjon
Noverande lag
Flag of England.svg Arsenal
Ungdomsklubbar
2004-2009 Costa Rica Saprissa
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2009-11
2011
2011-
2011-12
2012-13
2013-14
Costa Rica Saprissa
Costa Rica Puntarenas
Flag of England.svg Arsenal
Frankrike Lorient
Spania Real Betis
Hellas Olympiakos
2 (0)
5 (0)
0 (0)
25 (3)
28 (2)
32 (8)
Landslag
2008-2009
2010-2011
2011-
Costa Rica Costa Rica U17
Costa Rica Costa Rica U21
Costa Rica Costa Rica
9 (8)
13 (10)
36 (10)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. juni 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 14. juni 2014

FC Arsenal stadfesta at dei hadde signert kontrakt med Campbell i august 2011, men fordi han ikkje hadde skaffa arbeidsløyve i England, fekk han ikkje lov å spela for klubben. Campbell skaffa seg endeleg dette løyvet i juli 2013. Campbell har enno ikkje spela ein kamp for Arsenal, men har vorte utlånt til andre europeiske klubbar. Olympiakos er den tredje klubben han har vorte utlånt til frå Arsenal.

Campbell skåra Costa Rica sitt fyrste mål under VM i fotball 2014. Han utlikna mot Uruguay, ein kamp som Costa Rica til slutt vann 3-1.

KjelderEndra