Johan Østby

norsk politikar

Johan Østby (5. mars 192420. april 2005) var ein norsk journalist, forfattar og politikar frå Trysil. Han var 1965-77 stortingsrepresentant frå Hedmark, vald for Senterpartiet.

Johan Østby
Fødd5. mars 1924
Trysil kommune
Død20. februar 2005 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, journalist
Alle verv

Østby, som var son til ein skogvaktar, var skogsarbeidar frå 1948. Skuleåret 1948/49 gjekk han Nansenskolen på Lillehammer, og han fekk i 1949 journaliststilling i avisa ØstlendingenElverum.

Han var fylkessekretær i Senterpartiet 1964-65. Ved stortingsvalet husten 1965 fekk han fast plass på Stortinget, og vart attvald i 1969 og 1973. I den fyrste fireårsperioden var han medlem i Justiskomiteen, deretter medlem 1969-72 i Sosialkomiteen. Sesjonen 1972/73 hadde han plass i Utanriks- og konstitusjonskmiteen, medan han i sine siste fire år som tingmann var medlem i Finanskomiteen.

Østby var 1970-77 landsstyremedlem i Senterpartiet. I 1970 gav han ut femtiårssoga til Hedmark Senterparti, og i 1985 to bøker om historia til høvesvis branntrygdelaget og elektrisitetsverket i Elverum.

Kjelder

endre