Holmestrand kommune

kommune i Vestfold og Telemark fylke i Noreg

Holmestrand er ein kommune i Vestfold fylke. Kommunen er frå 1. januar 2018 ei samanslåing av kommunane Holmestrand og Hof.[1] Den nye kommunen vart skipa etter kongeleg resolusjon frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet av 18. mars 2016.[1] Kommunen grensar i nord til Sande, i vest til Kongsberg og i sør til Re kommune.

Holmestrand kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Adm.senter Holmestrand
Areal 432,36 km²
 - land 412,36 km²
 - vatn 20,00 km²
Folketal 26 206  (1. januar 2023)
Målform bokmål
Ordførar Elin Weggesrud (Ap)
Kommunenr. 3802
Kart
Holmestrand kommune
59°29′43″ N 10°14′55″ E
Wikimedia Commons: Holmestrand
Nettstad: holmestrand.kommune.no

Kultur endre

Forfattaren Olav Duun (1876-1939) budde i Holmestrand frå 1908 til han døydde i 1939, og Olav og Emma Duuns hus er no museum. Ramberg skole, der Duun var lærar, er flytta til Reidvintunet (Hillestad) som skolemuseem m.m.

Byen er elles kjend for kunstnarsystrene Harriet Backer (1845-1932, kunstnaren) og Agathe Backer Grøndahl (1847-1907, komponisten), forfattarane Nils Kjær og Kåre Holt og kunstnaren Søren Onsager. Av yngre (nolevande) kunstarar må nemnast Morten Juvet (f. 1953). Den gamle diktarstova til Kåre Holt er også flytta til Reidvintunet.

Kjende folk tilknytte Holmestrand kommune endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Forskrift om sammenslåing av Hof og Holmestrand kommuner». Lovdata. 18. mars 2016. Henta 25. januar 2018. 
  Denne geografiartikkelen som har med Vestfold og Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.