Johan Dillner

Johan Dillner (17851862) var ein svensk prest, musikkpedagog og salmediktar. Han er av mange rekna som oppfinnar av salmodikonet, men andre kjelder hevder at den danske læraren J.W: Bruun var tidlegare ute. Dillner introduserte instruentet i Sverige, han utvikla det vidare, og han arbeidde ivrig for å fremje salmesongen i kyrkjelydane.

Johan Dillner
Fødd 3. oktober 1785
Død

21. januar 1862 (76 år)

Yrke omsetjar, prest

Dillner studerte i Uppsala og vart i 1839 kyrkoherde i Östervåla.

I den svenska kyrkan hadde dei i 1819 teke i bruk ei ny salmebok. Melodiane fanst i Haeffners koralbok, men dei var ofte heilt ukjende for folk, eller dei song melodiane i ei anna form. Sidan dei fleste kyrkjene mangla orgel, konstruerte Dillner det enkle salmodikonet som var lett å byggje. Med ei siffernoteskrift var det lett å spele på, òg for folk som mangla notekunnskap. Slik vart melodiane til dei nye salmane gjort kjende.

Dillner gav i 1830 ut boka Melodierna till svenska kyrkans psalmer, noterade med ziffror.

20. februar 2000 vart det opna eit Johan Dillner-museum i Östervåla i Sverige.

KjelderEndra