Johan Henrik Christiansen

Norsk jurist og politikar

Johan Henrik Christiansen (fødd 25. mars 1867) var ein norsk advokat frå Tønsberg som representerte kjøpstadene i Vestfold og partiet HøgreStortinget i åra 1922-27.

Johan Henrik Christiansen
Fødd 25. mars 1867 (154 år)
Tønsberg

Far til Christiansen var skipsreiar. Sjølv utdanna seg til cand. jur. i 1890 og var fullmektig hos sorenskrivaren i Mellem-Jarlsberg frå 1891. Deretter arbeidde han frå 1893 til -97 i Finansdepartementet. I 1897 flytta han heim til Tønsberg, der han opna praksis som høgsterettsadvokat. I tillegg var han offentleg forsvarar ved Buskerud lagmannsrett i tida 1907-20 og ved meddomsretten (by- og heradsrett) i Tønsberg og Sør-Jarlsberg frå 1907 til 1937.

Christiansen vart vald inn på Stortinget hausten 1921 frå dei fem kjøpstadene i Vestfold fylke. Høgre-mannen vart attvald tre år seinare. På Tinget var han medlem 1922-24 og formann 1925-27 i Finanskomiteen.

KjelderEndra