Johan Leuthäuser Hirsch (18431923) var ein norsk landbrukslærar, direktør ved Norges Landbrukshøyskole og føregangsmann for norsk agronomiundervisning.

Johan L. Hirsch
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. desember 1843
Ringsaker kommune
Død

26. februar 1923 (79 år)
Lillehammer kommune

Yrke agronom
Ektefelle Thora Lundh

Johan L. Hirsch var fødd på Ringsaker på Hedemarken men voks opp på Vik i Sogn, der faren var distriktslege. Frå 1861 studerte han landmåling i Fjordane, men gjekk så på landbruksskule i Buskerud frå 1861 til 1863. Frå 1863 til 1863 studerte Hirsch ved Ås Høiere Landsbruksskole (no Universitetet for miljø- og biovitenskap).

Frå 1866 og tre år framover var han lærar ved Mo Jordbruksskule i Førde og arbeidde deretter eit par år som landmålar. I 1871 byrja han arbeida ved Jønsberg landbruksskole i Hedmark. Dette blei ein mønsterskule som tente som førebilete innan norsk jordbruksopplæring. I 1881 var han med på å skipa det første [[dampmeieriet i Noreg på Stange stasjon. I 1895 vart han direktør ved den Høiere Landbruksskole, som frå 1897 blei til Norges Landbrukshøgskole. Hirsch hadde arbeidd for å få til ein vitskapleg driven høgskule og var formann i Den parlamentariske landbrukskommission av 1895 som la grunnen for dette. Han gjekk av frå stillinga i 1904, etter konflikt med landbruksministeren. Frå 1905 til 1908 var han styrar for Hove landbruksskole i Kristians amt (Oppland).

I tillegg til rolla i Landbrukskommisjonen av 1895 var Hirsch medlem av Høgfjellskommisjonen (1909-1912), leiar for Fjellbeitekommisjonen (1910) og medlem av mjøltollkommisjonen (1913).

Dei siste åra av livet dreiv Hirsch med eigedomspekulasjon. Han kjøpte eit herregods i Värmland i Sverige, og var busett som styrar der frå 1914 til 1918. Deretter flytta han til Oslo der han budde fram til sin død.

Hirsch var ein sterk forkjempar for saker han brann for. Eit viktig emne for han var å utvida og vitskapleggjera landbruksundervisinga, noko han fekk til med landbruksshøgskolen på Ås. Han gjorde også kraftig motstand mot den samtidig blandingsavl, som den mellom fjordhest og dølahest. Han meinte i staden ein skulle reinavla lokale rasar, ettersom desse var best skikka til stadeigne tilhøve. Sjølv utvikla Hirsch ei framifrå besetning av dølafe, og er blitt omtat som «dølafeets far».

Hovudverk endre

  • Bondens raadgiver, bind I til V, 1911-13.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre