Johan M. Jørgensen
norsk politikar
Johan Michael Jørgensen (23. april 1855–1937) var ein gardbrukar, snikkar, lensmann og stortingsmann frå Skjerstad i Nordland. Han var medlem av Venstre.
Johan M. Jørgensen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. april 1855 |
Død |
29. oktober 1937 (82 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Jørgensen var son til ein gardbrukar på Hoset i Skjerstad. Han overtok farsgarden i 1887 og dreiv elles med snikkarverksemd. I 1892 overtok han leiinga av kanalbygginga i elva Sulitjelma. Han budde på Moen i Fauske til 1909. Frå då var han lensmann i Fauske og busette seg sentralt i bygda.
Jørgensen var ordførar i Skjerstad 1887-92 og 1901-04. Då Fauske vart skilt ut som eige herad i 1905 var han ordførar der til han vart lensmann i 1909. Perioden 1903-06 var han Nordlands amt sin 4. representant til Stortinget. Han var då medlem av vegkomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914