Johan Martin Dahll

Johan Martin Dahll (24. juni 183028. november 1877) var ein norsk næringsdrivar og stortingsmann frå Kragerø.

Johan Martin Dahll

Fødd30. juni 1830
Kragerø kommune
Død28. november 1877 (47 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, handelsmannn
Alle verv

Dahll var son til ein kjøpmann. Han gjekk Anderssonske handelsinstitutt i Bergen, og vart så omkring 1853 sett til å styre to gruver ått av engelske handelsinteresser. I 1861 tok han over eiga i dei to gruvene, ei apatittgruve ved Kragerø og ei nikkelgruve i Bamble. Gruvedrifta gjekk så godt at han ei tid truleg var den største bergverkseigaren i Noreg. I tillegg dreiv han iseksport og skipsbyggeri.

Etter å ha vore varamann til Stortinget 1874-76, representerte han Kragerø på Stortinget i 1877, der han var medlem av næringskomité nr 1. Same hausten døydde han på Jomfruland i Skåtøy.

Kjelder endre