Jomfruland er ei øy i skjergarden utanfor Kragerø. Øya er 7,5 km lang og 1 km brei på det breiaste. Jomfruland skjermar dei mange øyane i Kragerø for bylgjene frå Skagerrak. Om lag midt på øya kan ein sjå to kvite fyrtårnJomfruland fyrstasjon. Det nyaste av dei to tårna er i bruk. Tårna er synlege frå alle kantar og vert ofte drege fram som sjølve kjenneteiknet til Kragerø og skjergarden. Ein kan koma til øya med taxibåt, bilferje eller eigen båt. Det finst fleire attraksjonar på øya, i tillegg til godt høve til turgåing for turistar og fastbuande.

Jomfruland
Geografi
Stad Indre Skagerrak
Koordinatar 58°51′56″N 09°35′31″E / 58.86556°N 9.59194°E / 58.86556; 9.59194

Areal 3,0 km²
Lengd 7,5 km
Breidd 1 km

Høgaste punkt 7 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Telemark

Jomfruland er òg kjend for sitt rike fugleliv, og over 300 artar er observert på øya. Norsk ornitologisk forening avd. Telemark driv Jomfruland Fuglestasjon på Øitangen.

Kvar sommar frå 1999 har musikkfestivalen «Under to tårn» vorte skipa til på øya.

Geologisk er Jomfruland ein del av den store endemorenen ratrinnet. Jomfruland er eit stykke der ryggen på morenen stikk opp over vatnet. Austover går moreneryggen under vatn frå Jomfruland til Mølen i Brunlanes, og mot vest dukkar han igjen opp på Tromøy. Mellom Jomfruland og Tromøy er det farlege grunner på stader der moreneryggen nesten når opp til havoverflata.