Johan Peter Jacobson

norsk politikar

Johan Peter Jacobson (fødd 27. februar 1857) var ein norsk smed, arbeidsformann og stortingsmann fødd i Overhalla i Nord-Trøndelag. Han var medlem av Venstre.

Johan Peter Jacobson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. februar 1857
Død

11. januar 1934 (76 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Jacobson var son til ein smed som budde i høvesvis Ranum sokn og seinare i Namsos. Han lærte seg til smed i faren sin verkstad i Namsos, og arbeidde som smed, mekanikar og montør. Sidan arbeidde han på skipsverftet i Fevik i Fjære, der han var formann for smedane på verftet.

Jacobson var 4. representant frå Nedenes amtStortinget i perioden 1900-03. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen. I februar-mars 1901 hadde han sjukdomsforfall i fire veker.

Kjelder

endre