Johan Thoresen
Johan Thoresen (28. januar 1857–23. juli 1918) var ein arbeidsleiar og stortingsmann frå Enebakk. Han representerte Høgre på Stortinget i 15 år.
Johan Thoresen | |
Fødd | 28. januar 1857 Kirkebygda |
---|---|
Død | 23. juli 1918 (61 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, kroppsarbeidar |
Thoresen var son til ein husmann som døydde då sonen var ung. I 12-årsalderen måtte han byrje å arbeide ved Lillestrøms dampsag og høvleri. 16 år gammal vart han sagmeister og frå 1899 var han arbeidsformann på saga.
På Lillestrøm fekk Thoresen ei mengd offentlege og private verv; mellom anna var han formann i Lillestrømmens ynglingeforeining i 13 år og i Skedsmo indremisjonsforeining i ni år.
Thoresen representerte Akershus amt og Høgre/Samlingspartiet på Stortinget i fem samanhengande valbolkar frå 1892. Han var medlem 1892-93 av Næringskomite nr 2, sidan av Sosialkomiteen frå 1893 heilt fram til han i 1906 forlet Stortinget. I si siste valperiode, 1903-06, var han også medlem av Valkomiteen og Arbeidsløysekomiteen.
Thoresen døydde på Lillestrøm «av lungebrune etter den spanske sjuken».[1]
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914