Johann Strauss den yngre
Johann Baptist Strauss den yngre (25. oktober 1825–3. juni 1899) var ein austerriksk komponist, dirigent og fiolinist.
Johann Strauss den yngre | |||
| |||
Fødd | 25. oktober 1825 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Neubau, Wien, Sankt Ulrich | ||
Død | 3. juni 1899 (73 år) | ||
Dødsstad | Wien | ||
Opphav | Keisardømet Austerrike, Cisleithania | ||
Aktiv | 1844–1899 | ||
Instrument | fiolin | ||
Verka som | dirigent, komponist | ||
Mor | Maria Anna Streim | ||
Far | Johann Strauss | ||
Gift med | Henriette Treffz-Chalupetzky, Angelika Strauss, Adele Strauss | ||
Prisar | ridderkors av Frans Josef-ordenen, Ridder av Æreslegionen, 4th class, Order of the Medjidie, ridder av Løvens og solens orden, ridder av Sankt Aleksander Nevskij-ordenen, æresmedlem, æresmedlem, Knight Officer of the Order of the Saxe-Ernestine, Knight First class of the Order of the Zähringer Lion, kommandør av Isabella den katolskes orden, ridder av Isabella den katolskes orden, ridder av Karl IIIs orden, Den sivile fortjenstorden, offiser av Italias kroneorden, ridder av Sankt Mauritius' og Sankt Lasarus' orden, Roter Adlerorden 4. Klasse, 4th Class Order of the Crown, Æresgrav |
Han er kjend som «valsekongen» og var meisteren til den leitte musikken - valsane hans er melodiøse og sjarmfulle. Utanom wienervalsane sine, bestod livsverket hans òg av andre komposisjonar, blant anna fjorten operettar og fleire polkaer.
Liv og virke
endreBakgrunn
endreHan var eldste son av orkesterleiaren og komponisten Johann Strauss den eldre. Dei yngre syskena var Josef (f. 1827), Anne (f. 1829), Therese (f. 1831), Ferdinand (f. 1834, død same år), og Eduard (f. 1835).
Som barn tok han fiolintimar i løyndom mot faren sin vilje, og allereie seks år gammal komponerte han sin første vals. I 1842 forlét faren hans familien for Emilie Trampusch. Etter dette kunne Johann Strauss d.y. via seg til musikkstudium for alvor.
Musikar og komponist
endreSom 19-åring i 1844 stifta Strauss sitt eige danseorkester, og då faren døydde i 1849, slo han saman sitt eige orkester med det til faren. Han gjorde suksess med orkesteret i Wien med konsertar i Volksgarten og på utenlandsturnear.
Strauss gifta seg i 1862 med Jetty Treffz, den første av i alt tre koner.
Under USA-turneen i 1872 dirigerte han 20 000 songarar og 10 000 musikarar i Boston. Framgangen hans i USA spelte ei stor rolle for utviklinga av stilen til filmmusikalen og populærmusikken på 1900-talet. Valsane som vart komponert til dei mange ballsalane, kafeane og parkane i byen var med på å gjera valsen til favorittdansen i heile verda.
Den best kjende valsen til Strauss er «An der schönen blauen Donau» (1867). Denne er eit fast innslag ved den årlege Nyttårskonserten i Wien, som vert kringkasta i heile Europa. Ein annan berømt vals er «Rosa aus dem Süden». Av operettane hans kan nemnast Die Fledermaus (Flaggermusen, 1874), Der Zigeunerbaron (Sigøynerbaronen, 1885) og Wiener Blut (1899). Sistnemnde er ein kompilasjon bygd på Strauss sine melodiar, og vart uroppført etter at han døydde.
Verk
endreOperettar
endre- 1871 – Indigo und die 40 Räuber
- 1873 – Der Karneval in Rom
- 1874 – Die Fledermaus (Flaggermusen)
- 1875 – Cagliostro in Wien
- 1877 – Prinz Methusalem
- 1878 – Colin-maillard
- 1880 – Das Spitzentuch der Königin
- 1881 – Der lustige Krieg (Den lystige krigen)
- 1883 – Eine Nacht in Venedig (Ei natt i Venedig)
- 1885 – Der Zigeunerbaron (Sigøynerbaronen)
- 1887 – Simplicius
- 1895 – Waldmeister
- 1897 – Die Göttin der Vernunft
- 1899 – Wiener Blut
Opera
endre- 1892 – Ritter Pasmán
Valsar og polkaer (utval)
endre- 1854 – Napoleon-Marsch, marsj
- 1858 – Tritsch-Tratsch-Polka, polka schnell
- 1861 – Perpetuum mobile, polka
- 1863 - Morgenblätter, vals
- 1867 – An der schönen blauen Donau, vals
- 1867 – Künstlerleben, vals
- 1868 – Geschichten aus dem Wienerwald, vals
- 1869 – Wein, Weib und Gesang, vals
- 1873 – Wiener Blut, vals
- 1880 – Rosa aus dem Süden, vals
- 1883 – Frühlingsstimmen, vals
- 1889 – Kaiserwalzer, vals
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Johann Strauss d.y.» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Fritt tilgjengelege notar av Johann Strauss d.y. ved International Music Score Library Project (IMSLP)
d.y. i
- Johann Strauss in Wien {ein} A video about hi sitt presence in Vienna