Johannes Bøe (17. januar 18911. februar 1971), vanlegvis kjend som Johs. Bøe, var ein norsk arkeolog, professor i Bergen frå 1942 til 1961. Han vart fødd i Ringsaker i Hedmark og døydde i Lillehammer.

Johannes Bøe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. januar 1891
Ringsaker kommune
Død

1. februar 1971 (80 år)

Yrke arkeolog

Bøe vart cand. philol. i 1921 med avhandlinga Norske guldfund fra folkevandringstiden, og tok doktorgraden i 1931 med avhandlinga Jernalderens keramikk i Norge. I avhandlinga til doktorgraden gjev han ei velordna og grundig utgreiing og drøfting av kronologi, teknikk og geografiske variantar av dei leirkara (keramikken) frå eldre jarnalder som er funne i Noreg.

Frå 1921 var Johannes Bøe amanuensis, seinare konservator og understyrar ved Bergens Museums historisk-antikvariske avdeling. Frå 1942 var han styrar og professor i nordisk arkeologi ved museet, og frå 1946 professor på det nye Universitetet i Bergen, som museet då vart ein del av. Her var han sitt fakultets fyrste dekanus, og professor fram til han gjekk av med alderspensjon i 1961 og flytta til Lillehammer.

Bøe gjorde ei rekkje studiereiser i utlandet, og var i åra 1932 – 1950 generalsekretær for den internasjonale Congrès international des sciences préhistoriques et protohistoriques, som han reorganiserte etter andre verdskrigen. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og Selskapet til Vitenskapenes Fremme, der han var preses 1941–1942, æresdoktor ved universitetet i Glasgow og av fleire utanlandske arkeologiske selskap.

Johannes Bøe vart riddar av St. Olavs Orden i 1947, kommandør 1961, og var storriddar av den islandske Falkeordenen.

Publikasjonar av Johannes Bøe endre

  • Norske gullfund (markfund) fra folkevandringstiden, Bergens museums aarbok 1920-21
  • Norsk gravguld fra ældre jernalder, Bergens museums aarbok 1926:2(Hist.), Bergen 1926
  • Jernalderens keramikk i Norge, Bergens museums skrifter 14, 1931, Bergen 1931
  • Den tidlige steinalders kultur i Finnmark : belyst ved senere års undersøkelser og fund, Nordisk tidskrift för vetenskap, konst och industri, Ny serie 1931 nr 6, side 417-436, Stockholm: Wahlström & Widstrand i distribution
  • Felszeichnungen im westlichen Norwegen. Die zeichnungsgebiete in Vingen und Henøya, Bergens Museum 1932 («Helleristningar i Vest-Noreg. Helleristningsfelta i Vingen og Henøya»)
  • Boplassen i Skipshelleren på Straume i Nordhordland, Bergens museums skrifter 17, 1934, Bergen 1934
  • saman med A. Nummedal: Le Finnmarkien. Les origines de la civilisation dans l'extrême-nord de l'Europe, Instituttet for sammenlignende kulturforskning, Serie B, Skrifter 32, 1936, Oslo 1936. («Finnmarkskulturen. Opphavet til kulturen i Europas høge nord»)
  • Til høgfjellets forhistorie. Boplassen på Sumtangen ved Finsevatn på Hardangervidda, Bergens museums skrifter Nr. 21, 1942
  • Håkonshallen 1261–1961, Bergen 1961

Kjelder endre