Johannes Christian Piene

norsk politikar

Johannes Christian Piene (19. august 18322. juli 1912) var ein norsk industrileiar, kjøpmann og politikar frå Trondheim. Han var ein av dei fremste industribyggjarane i Trøndelag på 1800-talet, og var involvert i mellom anna mylnebruk, Trondhjems Mekaniske Værksted og Ranheim Cellulosefabrik. Piene var både lokalpolitikar og stortingsmann for Høgre.

Johannes Christian Piene

Fødd19. august 1832
Trondheim
Død2. juli 1912 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, handelsmannn, gründer
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1892–1894)
  • vararepresentant til Stortinget (1883–1885)
  • vararepresentant til Stortinget (1886–1888) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn og yrkeskarriere endre

Piene var son til ein kjøpmann og fabrikkeigar i Trondheim. Biskop Peder Bugge var morfaren hans. Sjølv tok han handelsutdanning i inn- og utland, og vart så medeigar i faren sin bandfabrikk, ei verksemd som i hovudsak produserte band, lisser og snorer for eksport til Sverige. Fabrikken var lenge det einaste tekstilfirmaet i Trondheim. Firmaet vart lagt ned i 1906, etter at lønnsemda forsvann då mellomrikslova vart oppheva.

Piene grunnla grossistfirmaet I.C. Piene & Søn i 1866, og tok borgarskap året etter. I 1866 kjøpte han mylna på Ila i Trondheim, og i 1878 grunnla han Hammerstrand Mølle i Buvika. Piene sørga for teknisk modernisering i verksemda, og var mellom dei første som selde finmala og sammala mjøl i landet. Han dreiv også omfattande import av korn og ulike formalingsprodukt. Piene sitt firma vart snart leiande innan mjølhandelen nordafjells.

Han var styremedlem i Trondhjems Mekaniske Værksted 1885–1903, ein del av tida også styreformann. Medan han var formann vart anlegget mykje skadd i ein brann, han greip då sjansen og fekk flytta verksemda frå Bakklandet til det langt gunstigare utløpet av Nidelva. Piene var også styreformann og største aksjonær i Ranheim Cellulosefabrik, styremedlem i Den Nordenfjeldske Kreditbank og frå 1891 ordførar i Trondhjems Sparebank sitt forstandarskap.

Politikk endre

I 1883 var Piene med på å grunnlegge Grundlovsforeningen i Trondhjem, ein forløpar for landspartiet Høgre. Han var ein leiarfigur i det lokale Høgre-miljøet og representerte partiet i Trondheim bystyre og formannskap, og var vald inn på Stortinget frå Trondhjem og Levanger 1892–94. Piene var tilsynsmann ved bygginga av Meråkerbanen 1894–1905, medlem av den kongelege tollkommisjonen 1879-80 og medlem av børskommisjonen 1882-98.

Piene vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1891, og var æresmedlem av Trondhjems Handelstands Forening.

Kjelder endre