Johannes Ewald

dansk poet

Johannes Ewald (18. november 174317. mars 1781) var ein dansk diktar og dramatikar. Han verka i overgangstiden mellom opplysingstida og romantikken,[1] og vert rekna som den første moderne forfattaren i Danmark som skreiv frå eit personleg synspunkt.[2]

Johannes Ewald

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 18. november 1743
København
Død

17. mars 1781 (37 år)
København

Yrke lyrikar, skodespelforfattar, skribent
Språk dansk
Sjanger dikt
Far Enevold Ewald
Johannes Ewald på Commons

Ewald skreiv den danske kongesongen, «Kong Christian stod ved højen Mast», og dei sjølvbiografiske tekstane Levnet og Meninger og Herr Panthakaks Historie. I samtida var han mest kjend for dikt som hylla kongelege og andre personar av høg rang. Han fornya dramaet med nye tema frå den nordiske oldtida: Balders Død og Rolf Krage, eller ved eit fattig nordsjellandsk fiskarleie: Fiskerne. Grunna svak helse, som han forverra ved drukkenskap og dårleg økonomi, døydde Ewald berre 37 år gammal.

Kjelder

endre
  1. Ewald «Johannes_Ewald» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Kristoffer Holm Pedersen, Den første digter – Johannes Ewalds Udvalgte Digte, LitteraturNu.dk[daud lenkje]