Johannes Hjelmslev
Johannes Hjelmslev (7. april 1873–16. februar 1950) var ein dansk matematikar.
Johannes Hjelmslev | |||
Fødd | 7. april 1873 Hørning | ||
---|---|---|---|
Død | 16. februar 1950 København | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Danmark | ||
Område | geometri, matematikk | ||
Yrke | matematikar, matematikkhistorikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Københavns Universitet Danmarks Tekniske Universitet | ||
Alma mater | Københavns Universitet | ||
Doktorgradsrettleiar | Kristian Frederik Vilhelm Kroman | ||
Barn | Louis Hjelmslev | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab |
Han tok doktorgraden i 1897 og var frå 1905 professor i deskriptiv geometri ved Den polytekniske læreanstalt. Frå 1917 til 1942 var han professor i matematikk ved universitetet i København, og var rektor på universitetet i 1928 og 1929.
Han skreiv mange verk om det aksiomatiske grunnlaget til geometrien og gav òg ut meir elementære lærebøker, der han mellom anna foreslo nye prinsipp for geometriundervisninga.
Kjelder
endre- Johannes Hjelmslev. (2011-10-19) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Johannes_Hjelmslev