Johannes Johannesson Spjeldnes

Johannes Johannesson Spjeldnes (13. april 178829. juni 1834) var ein norsk underoffiser, gardbrukar og stortingsmann frå Lindås i Hordaland.

Johannes Johannesson Spjeldnes
Fødd 13. april 1788
Lindås
Død

29. juni 1834 (46 år)
Lindås

Yrke bonde, politikar

Spjeldnes var son til ein lensmann. Frå han var 15 år gammal budde han i Bergen, der han vart underoffiser i 1808. Åra 1811-14 var han kommandersersjant, sidan var han gardbrukar i Lindås til han døydde.

Spjeldnes var stortingsmann frå Søndre Bergenhus amt i 1821, på omframstortinget 1822, i 1827 og på omframstortinget 1828, samt i 1833. Han var i 1821 medlem av fire komitear, der i mellom om utskiftingslova og innkvarteringslova, både i 1821 og -22 var han medlem av Lagtinget. Han var i 1827 medlem av militærkomiteen, i 1828 av komiteen om vernepliktslova. I 1833 på ny medlem av militærkomiteen, samt av valkomiteen.

Han døydde på garden sin i Lindås i 1834.

KjelderEndra