Hilde Haugsgjerd
Hilde Haugsgjerd (fødd 7. juli 1952) er ein norsk redaktør, journalist og tidlegare RV-politikar. Ho vart tilsett som sjefredaktør i Aftenposten i 2009, og var sjefredaktør i Dagsavisen 2001–2004. Ho er tidlegare partileiar for Raud Valallianse.
Hilde Haugsgjerd | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. juli 1952 (72 år) |
Yrke | politikar, journalist, redaktør |
Politisk parti | Raud Valallianse, Arbeidernes kommunistparti |
Ektefelle | Sigurd Allern ![]() |
Prisar | Nynorsk redaktørpris, Årets kvinnelige medieleder |
Bakgrunn
endreHaugsgjerd er barnebarn av biskop Johannes Smemo. Ho var gift med Sigurd Allern 1972–1977, og er no gift med Jan Wølneberg, produktsjef i Kommuneforlaget.
Politisk aktivitet
endrePå 1970- og byrjinga av 1980-talet var Hilde Haugsgjerd aktiv i Arbeidernes kommunistparti (marxist-leninistane), Raud Valallianse (RV) og Raud Ungdom (RU). Ho sat i leiinga i RU på 1970-talet, og var frå 1979 til 1980 redaktør for tidsskriftet til organisasjonen Rebell. Ho var leiar i RV frå 1979 til 1981.
Haugsgjerd melde seg ut av desse organisasjonane i 1982 og har ikkje sidan vore medlem av noko parti.
Karriere som journalist
endreHaugsgjerd er utdanna ved Norsk journalisthøgskole (no Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag (HiO)). Ho har vore journalist og kommentator i Dagbladet, informasjonsdirektør for Rikshospitalet, og deretter ansvarleg redaktør i Dagsavisen (2001–2004). Som sjef for Dagsavisen vart ho i 2004 konfrontert med at ho valde å halda fram å utgje redaktørproduserte avisar under ein streik blant dei tilsette mot leiinga.[1]
I 2004 vart ho tilsett som redaktør for Aftenposten Aften, lokalavisa til Aftenposten for Oslo-området. I 2007 vart ho administrativ redaktør i Aftenposten, og i 2008 vart ho konstituert som sjefredaktør etter at Hans Erik Matre tok permisjon. Ho vart tilsett i stillinga i desember 2009. I august 2013 kunngjorde ho at ho ville trekkja seg frå stillinga som sjefredaktør.[2]
Haugsgjerd har sidan 1. juli 2010 vore leiar i Pressens Faglige Utvalg. Ho har hatt ei rekkje styreverv, m.a. har ho sete i styra for Norsk Redaktøtforening, Mediebedriftenes Landsforening og Universitetet i Oslo.
Bibliografi
endre- Hilde Haugsgjerd (red.): Hva skal vi tro? Etter Bjugn-saken, Oslo: Aschehoug, 1994.
- Hilde Haugsgjerd: Løvetann. Bak murene på Bredtveit kvinnefengsel, Oslo: Aschehoug, 1992.
- Hilde Haugsgjerd: Gammel og glemt, Oslo: Aschehoug, 1986.
Referansar
endre- ↑ [daud lenkje] http://www.klassekampen.no/artiklar/nyhende/12320/article/item/null%5Bdød+lenkje%5D[daud lenkje]
- ↑ Redaksjonen (22. august 2013). «Hilde Haugsgjerd slutter som sjefredaktør i Aftenposten». Aftenposten. Henta 21. desember 2015.
- Denne artikkelen bygger på Hilde Haugsgjerd frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 14. januar 2O18
Bakgrunnsstoff
endre- Angriper redaktørs AKP-fortid, Dagbladet, 3.7 .2004
- Drømmen om det umulige Magasinet Dagbladet, 14.2 .2003