Opna hovudmenyen

Johannes Vågsnes

norsk politikar

Johannes Vågsnes (7. mars 192326. februar 2012) var ein gardbrukar og lærar frå Tromøy i Aust-Agder som i tida 1973-85 representerte Aust-Agder og Kristeleg FolkepartiStortinget.

Johannes Vågsnes
Fødd7. mars 1923
Død26. februar 2012
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar

Vågsnes var son til ein gardbrukar. Sjølv var han klokkar i Tromøy meinigheit frå 1945 til -77. I 1946 tok han over garden Gjerstad i Tromøy og dreiv denne til 1985. Åra frå 1951 til -62 var han også lærar i folke- og framhaldsskulen i Tromøy.

Perioden 1952-55 var Vågsnes medlem i Tromøy heradsstyre. Etter to periodar utanfor lokalpolitikken, kom han tilbake som formannskapsmedlem frå 1964 til 1971. Hausten 1973 vart han vald til stortingsrepresentant frå Aust-Agder for Kristeleg Folkeparti. På Tinget var han i alle tolv åra medlem i Kommunal- og konstistusjonskomiteen, nestformann 1977-81 .

Gjennom åra sat Vågsnes i fleire ulike framskotne posisjonar. Han var formann 1973-75 i fylkeslandbruksstyret i Aust-Agder, medlem 1975-79 i representantskapet i Noregs Bondelag og ordførar 1975-81 i representantskapet i Norske Eggsentraler. Sidan var han leiar i Hovudkomiteen for lokalforvaltninga 1980 og i Rådet for Hardangervidda 1986-91.

KjelderEndra