John Capel (fødd 27. oktober 1978) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Brooksville i delstaten Florida som i 2003 vart verdsmeister på 200-meter og var med å vinne 4 x 100 m stafett for USA.

John Capel


Statsborgarskap USA
Fødd 27. oktober 1978 (45 år)
Brooksville
Idrett amerikansk fotball, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Aktiv endre

 
John Capel (til venstre) i 2008.

Capel spelte amerikansk fotball på college-nivå både før og etter Sommar-OL 2000 i Sydney. År 2000 konsentrerte han seg om å kvalifisere seg til den USA-amerikanske OL-troppa til Sydney, noko han makta på 200 m. Han tok seg heilt til finalen på distansen, der han vart åttande og sistemann. Etter sommarleikane var han aktiv på «fotball»-laget NFL Combine, der han i 2001 testa positivt på marihuana.

I 2003 var Capel tilbake på friidrettsbana. Under verdsmeisterskapen 2003 i Paris sprang han inn til siger på 200-meteren. Med den moderat gode vinnartida 20,30 sekundar passerte han målstreken ein hundredels sekund framom landsmannen Darvis Patton. Ved verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki vann Capel bronsemedaljen på 200 m. Saman med landsmennene Justin Gatlin og Wallace Spearmon syrgde han for at alle medaljane på distansen hamna i USA.

Doping endre

Capel testa positivt på marihuana i 2004 og på ny i februar 2006. Siste gongen vart han utestengd frå idrett i to år. Sommaren 2008 prøvde han å kvalifisere seg til Beijing-OL, men rauk ut i allereie i semifinalane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre