John Dunstaple

britisk komponist

John Dunstaple eller Dunstable (fødd om lag 1390, død 24. desember 1453 i London) var ein sentral engelsk komponist på starten av 1400-talet, og rekna som stilskapar for den flamske skolen. Saman med Leonel Power er han den største i sin generasjon i England.

John Dunstaple
Fødd1390
Død24. desember 1453 (63 år)
DødsstadLondon
OpphavKongeriket England
Sjangerklassisk musikk, kyrkjemusikk
Verka somkomponist

Dunstaple var i teneste hjå John, hertugen av Bedford, medan denne rådde som drottsete for Frankrike under den mindreårige kong Henrik 6.. Samstundes åtte han land under den engelske krona i Normandie. Styringstida til John vara ved frå 1423 til 1435, så Dunstaple har truleg vore lang tid i Frankrike. Han åtte elles landområde i Wessex.

Dunstaple var òg til stades under fleire av dei diplomatiske sendeferdene som på den tid vart utveksla mellom Frankrike og England, og i 1438 var han med i følgjet til hertugen av Gloucester, som nett då sette det engelske miljøet i kontakt med dei italienske humanistane. Saman med andre komponistar vart han registrert hjå hertugen av Ferrara, Leonello d´Este seint på 1440-talet. Følgja av dette er at Dunstaple sin musikk vart betre teke vare på i Italia enn i England, av di mange av dei lagra manuskripta der vart brende då kong Henrik 8. oppløyste klostervesenet under den engelske reformasjonen.

Dunstaple var og kjend som matematikar, astronom og astrolog. Han var òg knytt til abbediet St Albans, sjølv han, motsett mange andre komponistar på same tid, ikkje var vigd prest. Han døydde julaftan 1453.

Den franske diktaren Martin le Franc hylla Dunstaple for noko han kalla le contenance Anglois, eit heller langt dikt. Her vert det sagt at Dunstaple har påverka både Guillaume Dufay og Gilles Binchois.

Johannes Tinctoris gjev Dunstaple mykje av æra for at «den nye musikken» kom til på 1400-talet. Soleis er han gudfar til den stilretninga som seinare vart kalla den flamske skolen. Dunstaple var truleg ein av dei første som bygde ei messesyklus kring ein samanbindande Cantus Firmus, og sette med dette standard for utviklinga av messestilen det følgjande hundreåret. Det finst berre femti av verka hans att, mellom dei to messer, tre ufullstendige, og ei lang rekkje einskilde messesatser. Attåt har vi 12 isorytmiske motettar, og 27 ulike songar over religiøse tekstar, mest knytt til Jomfru Maria. Nokre verdslege songar er tillagt Dunstaple, men opphavet her er uvisst. Det var kjend at Dunstaple skreiv ei rad med songar eller carols. Forskarane trur at ein del av dei som er teke vare på anonymt kan vera frå hans hand.

John Dunstaple er truleg den engelske komponisten som har hatt størst påverknad nokon gong.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre