John Herschel

britisk fotograf og astronom

Sir John Frederick William Herschel, 1. baronett (7. mars 179211. mai 1871)[1] var ein engelsk matematikar, astronom, kjemikar, oppfinnar og eksperimentell fotograf, som i somme år gjorde verdifullt botanisk arbeid.[1] Han var son av astronomen William Herschel og var sjølv far til tolv barn.[1]

John Herschel

Fotografert av Julia Margaret Cameron i 1867
FøddJohn Frederick William Herschel
7. mars 1792(1792-03-07)
Slough i England
Død11. mai 1871 (79 år)
Collingwood, nær Hawkhurst i Kent i England
Nasjonalitetbritisk
Områdematematikk, astronomi, kjemi, fotografi
Yrkeastronom, fotograf, matematikar, kjemikar, fysikar, skribent
InstitusjonarVitskapsakademiet i St. Petersburg
Alma materSt John's College, Cambridge
Eton College
Kjend forFotografi
InfluerarWilliam Herschel (far)
UtmerkingarRoyal Astronomical Society sin gullmedalje
Lalande-medaljen
Copleymedaljen (1821)
Royal Medal (1836, 1840)
Riddar i Royal Guelphic Order
EktefelleLady Margaret Brodie Stewart
BarnJohn Herschel den yngre, Alexander Stewart Herschel, Caroline Emilia Mary Herschel, Isabella Herschel, Sir William Herschel, 2nd Baronet, Margaret Louisa Marshall, Maria Sophie Herschel, Amelia Herschel, Julia Mary Herschel, Matilda Rose Herschel, Francisca Herschel, Constance Anne Herschel
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Kungliga Vetenskapsakademien
Göttingens vitenskapsakademi
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det franske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det ungarske vitskapsakademiet
Royal Astronomical Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
American Philosophical Society
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Accademia delle Scienze di Torino

Herschel var den første som brukte det juliansk dag-systemet i astronomi. Han namnsette sju saturnmånar og fire uranusmånar. Han bidrog mykje til fotografi-vitskapen, og undersøkte fargeblinde og den kjemikalske krafta til ultrafiolette stråler.

Herschel var leiar for Royal Astronomical Society i tre periodar: 1827–29, 1839–41 og 1847–49.[2][3] Han blei vald til utanlandsk æresmedlem ved American Academy of Arts and Sciences i 1832[4] og som utanlandsk medlem av Det svenske vitskapsakademiet i 1836.

Heider

endre

Småbyen Herschel i Saskatchewan i Canada, Mount Herschel i Antarktis, krateret J. Herschel og Herschel Girls' School i Cape Town i Sør-Afrika har fått namn etter han.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Herschel, Sir John Frederick William, 1792-1871, astronomen». NAHSTE project. University of Edinburgh. Arkivert frå originalen 10. mai 2007. Henta 19. juni 2016. 
  2. «LIST OF PRESIDENTS AND DATES OF OFFICE». A brief history of the RAS. Royal Astronomical Society. Henta 10 September 2012. 
  3. Dreyer, John L. E.; Turner, Herbert H. (1923). History of the Royal Astronomical Society, 1820-1920 1. London: Royal Astronomical Society. s. 250. 
  4. «Book of Members, 1780–2010: Chapter H» (PDF). American Academy of Arts and Sciences. Henta 15 September 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: John Herschel
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: John Herschel
 

Originaltekst av John Herschel ved Wikisource.