John Mayhew

britisk trommeslagar

John Mayhew (27. mars 194726. mars 2009) var den tredje trommeslagaren (samt perkusjonist og vokalist) for det engelske rockebandet Genesis. Han erstatta den tidlegare trommisen John Silver i august 1969. Han er med på albumet Trespass samt plateboksen Genesis Archive 1967-75. Han vart i august 1970 erstatta av Phil Collins.

John Mayhew
Fødd27. mars 1947
FødestadIpswich i England
Død26. mars 2009 (61 år)
DødsstadSkottland
OpphavLondon i England
Aktiv1969–2006
SjangerKlassisk, rock, progressiv rock
InstrumentTrommer, perkusjon
Verka somtrommeslagar

Det var lite som var kjend om kvar Mayhew forsvann etter han slutta i Genesis. Honorara hans for Trespass vart ikkje henta og det var spekulasjonar om at han var død eller sakna. I 1982 flytta han til Australia der han jobba som snikkar.

I 2006 deltok han på ein Genesis-konvensjon i London i lag med Anthony Phillips og Steve Hackett, og spelte trommer med dette bandet på «The Knife».

Mayhew døydde av hjarteproblem i Skottland i 2009, dagen før han fylte 62 år. Han hadde då arbeidd her som møbelsnikkar.[1]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre