John Ugelstad

norsk kjemikar, ingeniør og professor

John Ugelstad (31. mars 19213. april 1997) var ein norsk sivilingeniør i kjemi som blir rekna som den fremste pioneren innan polymer- og kolloidkjemi. Denne teknologien har fått stor betydning for industriell og medisinsk utvikling i Noreg og andre land. Ugelstad har mottatt ei rekke internasjonale prisar, mellom anna Kommandør av St. Olavs Orden, i tillegg til at han tok ei rekke patent. «Ugelstad-kuler», som er monodisperse plastkuler, blir omtalt som ein «genistrek» som stadig finn nye bruksområde innanfor fleire fagfelt.

John Ugelstad
Professor John Ugelstad (cropped).jpg
Fødd 31. mars 1921
Trondheim
Død

3. april 1997 (76 år)

Yrke kjemikar, ingeniør, professor

Ugelstad voks opp i Trondheim. Han utdanna seg til kjemiingeniør ved Norges tekniske høgskole (NTH), der han vart uteksaminert i 1948. Han tok doktorgrad ved universitetet i Leiden, Nederland i 1955. I 1956 vart han dosent i industriell kjemi ved NTH, og professor i 1967, og her vart han verande resten av sitt yrkesaktive liv. Han arbeidde i norsk og utanlandsk industri og la grunnlaget for selskapet Dynal, som har vokse til å bli eit stort internasjonalt firma.

Kollega Per Rangnes har skrive biografien John Ugelstad - the Man Behind the Beads, som vart utgitt etter hans død i 1997, og handlar om hans faglege karriere. Delen som handlar om personen Ugelstad er skriven av Gerd Isern, journalist i Adresseavisen.

Ugelstad var gift med Viola Sommervold Ugelstad.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra