John Wesley (28. juni 17032. mars 1791) var ein engelsk prest, kjend som grunnleggjar av metodismen.

John Wesley

George Romney: John Wesley, 1789
Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 17. juni 1703
Epworth i Lincolnshire
Død

2. mars 1791 (87 år)
St Luke's

Yrke Methodist pastor, dagbokskrivar, filosof, omsetjar, salmediktar, misjonær, prest, skribent, teolog
Språk tysk, engelsk, latin, gresk
Religion metodisme, Den anglikanske kirke
Far Samuel Wesley
Mor Susanna Wesley
Ektefelle Mary Vazeille
John Wesley på Commons

Wesley studerte i Oxford frå 1720. Han var teken opp som «fellow» ved Lincoln College i 1726 og prestevigd i 1728. Frå året etter hadde Wesley ei leiarrolle i ein krins av såkalla vakte studentar, ein krins som vart omtala med spottenamna Holy Club eller Methodists.

I 1735 reiste Wesley til Nord-Amerika som misjonær og prest for kolonistane. Etter tilbakekomsten til England opplevde han og broren Charles Wesley ei religiøst openberring. Saman med broren og George Whitefield arrangerte han friluftsmøte som samla mange tilhøyrarar og førte til ei stor vekkjing.

Frå 1740 danna John Wesley i England eit landsomfattande indremisjonsselskap, men formante tilhengarane å halde seg i den engelske statskyrkja. Ein dogmatisk dissens førte til brot med George Whitefield, etter som Wesley var motstandar av den kalvinske læra om predestinasjonen. Wesley forkynte at Guds nåde gjaldt alle.

Presteskapet sin uvilje mot metodistrørsla, saman med ein sterk separatistisk tendens i rørsla, leia til at medlemen i rørsla organiserte seg som eige kyrkjesamfunn. Wesley sjølv tok det avgjerande steget då han 1784 byrja ordinere medlemer til presteteneste. Same året fekk han godkjent metodistsamfunnet som juridisk person.

Kjelder endre