George Romney
George Romney (26. desember 1734–15. november 1802) var ein britisk portrettmålar frå Dalton-in-Furness i Lancashire.
George Romney | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 15. desember 1734 Dalton-in-Furness |
Død |
15. november 1802 (67 år) |
Yrke | kunstmålar, portraitist |
Sjanger | portrett, historiemåleri, allegori, mytologisk maleri |
Far | John Rumney |
Mor | Ann Simpson |
Born | John Romney |
George Romney på Commons |
Liv og gjerning
endreRomney var son til ein møbelsnikkar. I 1755 reiste han til til småbyen Kendal for å gå i lære hos den lokale målaren Christopher Steele. Våren 1762 flytta han til London, der verka hans vart lagt merke til. Hausten 1764 hadde han råd til å ta seg ein kortare studietur til Frankrike.
Det store gjennombrotet for Romney kom med eit bilete av familien til parlamentsmedlemen George Warren i 1769. Med tryggare økonomi kunne ta opp konkurransen med Joshua Reynolds og Thomas Gainsborough om dei mest lønsame oppdraga. I tida 1773-75 reiste han i Italia saman med venen og kollegaen Ozias Humphrey for å studere kunst i Roma og Parma. Sterkast inspirasjon fekk han av Peter Paul Rubens og Correggio sine verk.
Romney var mest kjend som målar av elegante kvinneportrett, mellom av Emma Hamilton, som han frå 1782 av potretterte over 60 gongar. Elles måla han mange mytologiske og poetiske figurbilete.
Han budde i London til 1799. Tre år seinare døydde han i Kendal, der kona budde alle dei åra han sjølv heldt hus i London.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «George Romney» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2013.
- Store norske leksikon.