John Whetton (fødd 6. september 1941) er ein britisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Mansfield som i 1969 vart europameister på 1500 meter.

John Whetton


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 6. september 1941 (82 år)
Mansfield
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964

Whetton kom på åttandeplass på 1500 meter med tida 3.42,4 då Sommar-OL 1964 fann stad i Tokyo. Fire år seinare enda han på femteplass på distansen ved dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen, langt bak medaljevinnarane. I finalen på 1500 meter under EM i friidrett 1969 i Aten gjorde Whetton sitt livs løp. Han spurta i mål til gullmedalje, personbeste og meisterskapsrekorden 3.39,4, eitt tidels sekund føre irske Frank Murphy.

Kjelder endre