John Wilbye

britisk komponist

John Wilbye (døypt 7. mars 1574, død september 1638) var ein engelsk madrigalkomponist. Han var son av ein garvar og vart fødd i Brome i Suffolk, nær Diss. Ein trur at han følgde Elizabeth Cornwallis til Hengrave Hall nær Bury St. Edmunds rundt 1594 då ho gifta seg med Sir Thomas Kytson den yngre. Han skreiv diktet «Love me not for comely grace».

John Wilbye
Fødd1574
FødestadDiss i Norfolk i England
Død1. september 1638 (64 år)
DødsstadColchester i England
OpphavKongeriket England
Aktiv1598-1609
SjangerRenessansemusikk, barokkmusikk
Verka somKomponist

Han lagde fleire madrigalar som kom ut i 1598, og ei ny samling i 1608. Dei to samlingane består av 64 madrigalar. I 1600 fekk han i oppgåve å korrekturlese John Dowland sin Second Booke of Songs. I 1628, då Elizabeth Cornwallis døydde, flytta Wilbye i lag med dottera Mary Darcy av Rivers til Colchester, der han døydde.

Wilbye er truleg den mest kjende engelske madrigalisten og songane hans er ofte å finne i moderne samlingar. Av madrigalane hans finn ein Weep, weep o mine eyes og Draw on, sweet night. Stilen hans er skildra som utsøkt for stemma, sensitive til teksten med bruk av «falske forhold» mellom dur og moll.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre