Johny Birkeland Transport

Johny Birkeland Transport AS, JBT, er eit tranport- og slamsugingsselskap basert i Sløvåg i Gulen kommune. JBT vart etablert som eit privat selskap i 1982, og omgjort til aksjeselskap i 1994. I 2015 blei det del av gruppa Norva24,[1] som blei danna ved at fleire mindre føretak slo seg saman.[2]

Johny Birkeland transport tilbyr tenester knytt til innsamling og avvatning av slam frå septiktankar og liknande. Kundane deira er i hovudsak kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland, samt interkommunale selskap. Om nødvendig kan dei levera til heile Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland.

I tillegg tilbyr JBT ymse tenester innanfor oljeindustri, næringsliv og privatmarknad. Dette kan t.d. vera reinsing eller kvalitetskontroll av tankar. JBT leiger også ut mobile toalett. Til slamsuging og liknande, nyttar JBT slamsugaren vakumkjempen, som er noko av det mest moderne som finst på marknaden i dag.

JBT har ein miljøretta profil, og er medlem i arbeidsfellesskapet Septik24, som dekkjer store delar av Sør-Noreg.

Dagleg leiar er Johny Birkeland. Ifylgje freshnews.no har selskapet 24 tilsette.

Kjelder