Johs. Bergersen

norsk politikar

Johannes Olav Bergersen, meir kjend som Johs. Bergersen, (24. juni 187419. april 1936) var ein norsk arbeidar, funksjonær og politikar frå Glemmen i Østfold. Han var stortingsrepresentant 1913-18 og 1922-36.

Johs. Bergersen

Fødd24. juli 1874
Død19. april 1936 (61 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Han var son til sagfilar Berger Olsen på Frydenberg i Glemmen. Sjølv arbeidde han på høvleri frå 1887 til 1906, då han tok til som agent for ein fråhaldsorganisasjon. I 1911 vart han tilsett som forretningsførar for sjukekassa i Borge krins og tilsynsmann ved riksforsikringa. Frå 1918 var han statsrevisor.

Bergersen var medlem av heradsstyret i Borge frå 1904, varaordførar 1907-10, ordførar 1923-28 og 1932-34. Valbolken 1913-15 representerte han einmannskrinsen Glemminge (Glemmen) på Stortinget, der han hadde sete i Lagtinget og i sosialkomiteen. Attvald til perioden 1916-18.

Ved partisplittinga i Det Norske Arbeidarparti i 1921 fylgde Bergersen den sosialdemokratiske fraksjonen. Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti gjorde eit godt stortingsval i Østfold hausten 1921, og Bergersen kom tilbake på Tinget som representant for partiet. Dei to valperiodane 1922-24 og 1925-27 var han parlamentarisk leiar i NSA. Etter partisamlinga 1927 heldt han frå 1928 fram som stortingsrepresentant for det samla Arbeidarpartiet, heilt til han døydde i 1936. Han var odelstingspresident 1928-30 og 1934-35. Bergersen var mykje interessert i fredssaka og i interparlamentarisk arbeid. Frå 1926 til han døydde ti år seinare var han formann i sosialkomitéen, og spela i så måte ei rolle i utforminga av alderstrygda og andre sosialpolitiske saker.

Bergersen var elles aktiv fagrørsla. Han var styremedlem i Norsk Arbeidsmannsforbund 1908-12 og i Landsorganisasjonen frå 1912.

Kjelder endre