Jolle er ein liten open båt, laga for å kunne roast, seglast eller for å drivast fram med ein liten påhengsmotor. Joller kan vere av ulike utformingar, bygd i tre eller av kunstmateriale (plast), men er vanlegvis kjenneteikna av å ha ein flat aktererspegel (dei er flate bak). Dei vert nytta som lettbåtar eller hjelpebåtar på større båtar, for å take seg fram mellom båt og land og så bortetter. Joller for segling, bygd etter særskilde reglar for dei einskilde typane, vert nytta som konkurransebåtar i regattaer.

Den norske båttypen pram eller eike vart i tidlegare tider ofte bygd i storleikar som gjorde dei veleigna som joller.

Seglsport endre

Joller som vert nytta til seglsport, regattaer, er bygde etter særskilde reglar og kan være frå under åtte fot til over atten fot lange. Dei har gjerne ein kjøl som er lagd som ei flat loddrett plate, eit «sverd», plassert sentralt i ei kasse i båten for kjapt å kunne senkast ned gjennom ei spalte i båtbunnen når det trengs under bruk. Dei minste typene av slike segljoller er godt eigna for born frå sju- åtteårsalderen til å lære seg å segle i, då dei er trygge og gjev borna god kjennskap til korleis det er å segle.

Bilde endre