For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kjølen (fleirtyding).

Kjøl (av norrønt kjǫlr) er ein del ein båt eller anna fartøy som går på langs nedst på midten av skroget.

Tverrsnitt av ein båt med kjølen nedst.
Seglbåt med lang kjøl under reparasjon.

I tradisjonelle trebåtar er kjølen laga av éin solid planke. Større skip kan ha ein platekjøl som er noko tjukkare enn resten av platekledinga. Seglbåtar har kjøl som er forma som ein nedsenka finne for å hindra drift til sida. Ein finnekjøl er ein særleg kort og djup kjøl som blei vanleg på seglbåtar frå om lag 1970. Dette er ein kjøl som gjev god stabilitet samtidig som han gjev lite vassmotstand ettersom han har eit minimum av våt flate.

Kjølen på u-båten «Argonaute».
Finnekjøl på ein lystbåt.

Medan seglfartøy gjerne har kjøl som er lett og nedsenkbar (senkekjøl eller senterbord) kan noko større fartøy ha ein tung, stabiliserande kjøl av metall som kan gjera båten «stiv» og gjera at han lett kan svinga.

Ein fallkjøl er på eldre typar undervassbåtar ein blykjøl på kring sju tonn som i naudsfall kunne sleppast laus for å auke oppdrifta så båten kunne komme raskt opp til overflata. Det vert òg brukt om senkekjøl på mindre seglbåtar, som berre blir brukt nedsøkkt under seglas.[1]

«Kjøl» i språket endre

Ordet «kjøl» har gjeve opphav til fleire omgrep og uttrykk innan sjøfart og utanfor. Kjølstrekking eller «å strekkja kjøl» kan visa til å byrja bygginga av eit fartøy, og kan i overført tyding visa til å ta fatt på noko. Uttrykket «frå kjøl til mastetopp» eller berre «kjøl» kan brukast til å femna om ein heil båt. Omgrepet «å vera på rett kjøl» viser til god segling, og kan også brukast i overført tyding om folk eller verksemder som oppfører seg godt. Kjølhaling kan både visa til ei straff eller form for tortur som gjekk ut på å dra ein person under eit fartøy, over eller langs kjølen, og til det å krengja eit fartøy slik at eine sida av kjølen kjem over vassoverflata.

I overført tyding kan «kjøl» visa til ei lang linje eller ein kant som minnar om ein kjøl, til dømes ein fjellrygg som Kjølen.

Kjelder endre

  1. «kjøl» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 15. mai 2020.

Bakgrunnsstoff endre