Jom hasjoá eller jom hasjva er ein jødisk minnedag over Holocaust der ein ærer dei seks millionar jødane som mista livet i nazistiske konsentrasjonsleirar. Dagen blei innstifta av Israel i 1959, og fell på den 27. nisan i den jødiske kalenderen, tidleg på våren.

Flagg på halv stong ved solnedgang Jom HaShoah
Datoar i vestleg kalender:

Historie

endre

Jom hasjoá blei etablert ved israelsk lov i 1959, underteikna av den dåverande statsministeren David Ben-Gurion og presidenten Yitzhak Ben-Zvi. Det var føreslått å legga dagen til 15. nisan, dagen for Warszawaoppreisten, men sidan dette fall saman med første dagen av pesah blei markeringa lagt til 27. nisan. Dette er også åtte dagar før den israelske sjølvstendedagen jom ha‘aṣmaút.

Sjå og

endre