Den israelske sjølvstendedagen

(Omdirigert frå Jom ha‘aṣmaút)

Den israelske sjølvstendedagen, hebraisk jom ha‘aṣmaút, er den israelske nasjonaldagen til minne om den israelske sjølvstendeerklæringa. Han blir feira den andre ijjár i den jødiske kalenderen. Dagen før sjølvstendedagen feirar ein jom hazikaron til minne om falne israelske soldatar.

Israelske flagg på hus i Holon i Israel.
Stridsvogn pynta med flagg i ei militærutstilling i samband med sjølvstendedagen.
Den israelske nasjonaldagen feira i Vilnius.

David Ben-Gurion erklærte sjølvstende den 5. ijjár 5708 etter jødisk tidsrekning, 14. mai 1948 i den gregorianske kalenderen. Palestinamandatet tok dermed slutt og den moderne staten Israel blei oppretta. 15. mai kan markerast av palestinarar som nakbadagen, men sjølvstendedagen blir også feira av mange israelske ikkje-jødar.

Dagen blir markert offisielt markert gjennom ein seremoni på Herzl-fjellet i Jerusalem om kvelden då høgtida tek til (jødiske dagar tek til ved solnedgang). Leiaren for den israelske nasjonalforsamlinga Knesset held tale, soldatar ber det israelske flagget og former mønster av viktige symbol, som davidsstjerne, menora, tal som viser alderen til Israel og liknande. Det blir tent tolv faklar, som står for dei tolv israelsstammane, av israelarar som har gjort noko viktig. Israel-prisen blir også delt ut her.

Folk flest pyntar gjerne hus og bilar med israelske flagg, som nokre let henga til jerusalemdagen. Elles er det vanleg å feira dagen med grillfestar og andre utandørs måltid svært utbreidde. Det blir halde samlingar, dans, musikk og sendt opp fyrverkeri. Dagen blir også markert med ei rekke samlingar i utlandet, mellom anna i Oslo.[1]

Mange jødar reknar nasjonaldagen som ei religiøs høgtid. Dei seier fram bøna hallél denne dagen. Ultra-ortodokse jødar (hasidim og haredim) gjer sjeldan dette.

Jødar som er imot sionismen og meiner det var feil å oppretta staten Israel, kan markera dagen ved å kle seg i sekk og oske og setja opp svarte flagg. Nokre grupper fastar for det dei ser som synda med opprettinga av staten.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre