Jon Andrå
Jon Andrå (12. januar 1888–15. oktober 1966) var ein norsk skulemann og politikar for Arbeidarpartiet.
Jon Andrå | |||
Fødd | 12. januar 1888 Drøbak | ||
---|---|---|---|
Død | 15. oktober 1966 (78 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, redaktør | ||
Alle verv |
|
Andrå var frå Drøbak, der far hans var skulestyrar. I unge år arbeidde Andrå ei tid som agent i livsforsikring.[1] Han utdanna seg til lærar i Holmestrand, tok eksamen i 1914. Etter eit år som lærar på Tolga i Hedmark, var han lærar ved folkeskulen i Vardø frå 1916 til -33. I denne perioden var han eit års tid, 1919-20, i tillegg redaktør av avisa Finnmarken. Frå 1933 til 1948 var han styrar av Vardø folkeskule.
Andrå var ordførar i Vardø frå 1925 til 1930. Ved stortingsvalet hausten 1930 vart han vald inn på Stortinget for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark (Bodø, Hammerfest, Narvik, Tromsø, Vadsø, Vardø). Han vart attvald ved dei tre neste stortingvala og representerte altså Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1931 til 1949. Bolken 1946-50 var han ein av riksrevisorane.
Andrå var skuledirektør i Nordland frå 1948 til -58. Han vart tildelt Kongens fortenstmedalje i gull då han forlet direktørstillinga.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jon Andrå» frå Wikipedia på bokmål, den 31. august 2013.