Jon Jørgensen Reitan

Jon Jørgensen Reitan (6. september 182213. februar 1903) var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar frå Ålen i Sør-Trøndelag. Aktiv opplysningsmann. Anders Jørgensen Reitan var bror hans.

Jon Jørgensen Reitan
Fødd 6. september 1822
Ålen
Død

13. februar 1903

Yrke politikar

Reitan var fødd på Nesvollgrubben i Ålen, far hans vart så gardbrukar på Reitan og attåt stiger ved Ålens koparverk. Reitan vart seminarist frå Klæbu seminar i 1859. Han dreiv farsgarden Reitan og var lærar i Ålen frå 1862 til 1888. Ordførar i heradstyret i Ålen i perioden 1863-97. I tillegg til desse omboda var han forlikskommissær i over 40 år. Han stifta 'Aalens sogneselskap' og var formann i selskapet til han døydde, etter over 40 år i leiinga.

Reitan representerte Søndre Trondhjems amtStortinget 1883-88. I perioden 1883-85 var han medlem av Lagtinget og næringskomite nr 2. I den andre perioden 1886-88, var han medlem i vegkomiten og i Lagtinget.

KjelderEndra