Jon Svennsson Vålen

Jon Svennsson Vålen (16. desember 18184. mars 1894) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Østre Gausdal i Oppland.

Jon Svennsson Vålen
Fødd16. desember 1818
Gausdal
Død4. mars 1894
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Vålen var gardbrukar på farsgarden. Han var ordførar i heradsstyret frå 1852 til -79, og medlem av same frå 1883. Frå 1851 var han med i forlikskommisjonen, elles sparebankdirektør og valmann i over 20 år.

Vålen representerte Kristians amtStortinget frå 1865 til 1873. Både i 1865-66 og 1868-69 var han medlem av protokollkomiteen, medan han i perioden 1871-73 hadde sete i konstitusjonskomiteen.

Han døydde av magekreft på garden sin i Gausdal i 1894.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914