Jonas Eriksson Fuglevik (18541954) var ein norsk fiskar, skipper og reiar frå Haram, busett i Ålesund.

Fuglevik dreiv i yngre år fiske heime frå øya Fjørtofta med tradisjonelle båtar og møring. I 1886 slo han seg ned i Ålesund, dreiv då då fiske med bankskøyte. I 1891 fekk han bygt seg skøyta Sleipner på Halsnøy. Med denne dreiv han fiske på sunnmørskysten om vinteren og på Finnmarka om sommaren. Inspirert av nordnorsk selfangst, drog han våren 1898 med Sleipner til selfangst i Vestisen. Han var ishavsskipper i fem år, gjekk då tilbake til fisket «da han ikke lenger trivdes med selfangstyrket».

Jonas Fuglevik var frå Otterlei i Haram. Han var gift med Marta Sivertsdotter f. Høgset (1857-1946) frå Midsund, saman fekk dei minst åtte born. I 1900 budde dei i Nedre Strandgate 33. Heimen deira strauk med i bybrannen 1904. År 1920 budde familien i Steinvågvegen, noko lengre vest på Aspøya i Ålesund.

Kjelder

endre