Haram kommune
Haram er ein tidlegare norsk kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. 1. januar 2020 vart kommunen del av nye Ålesund kommune.[1]
Haram kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Brattvåg | ||
Areal | 261 km² | ||
- land | 254 km² | ||
- vatn | 7 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Bjørn Sandnes (H) | ||
Kommunenr. | 1534 | ||
![]() Haram kommune | |||
Wikimedia Commons: Haram | |||
Nettstad: www.haram.kommune.no | |||
Kommunen grensa i aust mot Vestnes kommune og i søraust mot Skodje kommune. Over Grytafjorden i sør ligg Ålesund kommune, og mot vest ligg øykommunen Giske kommune. Mot nord ligg Sandøy kommune og Midsund kommune. Administrasjonssenteret i Haram er Brattvåg, med om lag 2300 innbyggjarar.
Geografi endre
Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur på fastlandet, der dei tre største tettstadene også ligg. Frå sør mot nord ligg også øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya og Fjørtoft.
Tettstader endre
Haram kommune har fire tettstader, innbyggjartal per 1.1.2009 i parentes:
Kommunen endre
Haram kommune vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. Den 1. januar 1890 vart den dåverande kommunen delt, og Roald kommune med 794 innbyggjarar vart oppretta. Haram kommune hadde 1956 innbyggjarar etter delinga.[2]
1. januar 1965 vart den noverande storkommunen oppretta, på følgjande vis:
- Dåverande Haram kommune, med unntak av Myklebustområdet på Harøya med øyane vestanfor (Uksøya, Storholmen m.fl.), som gjekk til Sandøy kommune, med 4689 innbyggjarar
- Dåverande Vatne kommune, med unntak av Dryna og området på Midøya, som gjekk til Midsund kommune, med 2260 innbyggjarar.
- Grytastranda, Søvik og Gamlem med øyane vestanfor dåverande Borgund kommune, med 1191 innbyggjarar.[3]
Ved opprettinga hadde den nye storkommunen dermed 8140 innbyggjarar.
Næringsliv endre
Kommunen har mykje industri, der dei største bedriftene er VARD i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg og på Longva.
Kjende folk frå Haram kommune endre
- Olaus Alvestad (1866–1903), folkehøgskulelærar, avisredaktør og songbokredaktør
- Ingebrigt Davik (1925–1991), forfattar, kringkastingsmann og barneunderhaldar
- Ingebrigt Andreas Fjørtoft (1859–1927), døvelærar
- Lauritz Fjørtoft (1877–1941), døvelærar
- Olaus Fjørtoft (1847–1878), journalist og politisk agitator
- Bjarne Flem (1914–1999), fiskar og politikar
- Per Oddvar Hildre (1950– ), kordirigent
- Knud Leem (1697–1774), prest, misjonær og språkforskar
- John O. Longva (1906–1988), fiskar og fabrikkskipspioner
Kjelder endre
- ↑ «Forskrift om sammenslåing av Haram kommune, Sandøy kommune, Skodje kommune, Ørskog kommune og Ålesund kommune til Ålesund kommune». Lovdata. 19. desember 2017. Arkivert frå originalen 22. april 2019. Henta 14. november 2018.
- ↑ Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 58, vitja 17.februar 2010
- ↑ Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 61, vitja 17.februar 2010