Jonas Schanche Kielland
- Denne artikkelen handlar om Jonas Schanche Kielland (1863–1930). For Jonas Schanche Kielland (1791–1852), sjå Jonas Kielland.
Jonas Schanche Kielland (20. november 1863–25. mai 1930) var ein jurist frå Stavanger, ordførar 1908–1909 i heimbyen og stortingsmann 1910–1912 for partiet Høgre. Han var son til Jacob Kielland og syskenbarn til Alexander Kielland.
Jonas Schanche Kielland | |||
Fødd | 20. november 1863 Horten | ||
---|---|---|---|
Død | 25. mai 1930 (66 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, dommar | ||
Far | Jacob Kielland | ||
Barn | Thor Bendz Kielland | ||
Alle verv |
|
Karriere
endreJonas Kielland vart cand.jur. i 1886 og arbeidde dei neste to åra som sorenskrivarfullmektig i Karmsund og Hesbø. Frå 1889 til 1910 overrettssakførar i Stavanger. Han var medlem i bystyret frå 1902, ordførar 1908–1909. Hausten 1909 vart han vald inn på Stortinget frå einmannnskrinsen Holmen i Stavanger. På Stortinget var han sekretær i Militærkomitéen.
Åra frå 1911 til 1917 var Kielland borgarmeister i Stavanger. Deretter var han kriminaldommar (dommar i strafferettssaker) ved nyoppretta Stavanger kriminaldommarembete. I 1920 fekk han stillinga som byfut i Stavanger.
Kielland hadde ei rekke verv i næringslivet i Stavanger og amtet. Han var den siste av Kielland-slekta som budde på Ledaal, gravlagd der.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.