Jonny Vang er ein norsk film frå 2003. Han er regissert av Jens Lien etter eit manus av Ståle Stein Berg. Musikken var komponert av bandet Calexico. Filmen er ein dramakomedie frå ein liten stad i Gudbrandsdalen,[1] der hovudpersonen Jonny Vang vil ordne opp i livet sitt, på fleire måtar.

Jonny Vang
RegiJens Lien Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Dag Alveberg Sjå dette på Wikidata
ManusStåle Stein Berg Sjå dette på Wikidata
MedverkandeAksel Hennie, Laila Goody, Marit Andreassen, Bjørn Sundquist, Nils Vogt, Joachim Calmeyer, Fridtjov Såheim, Eivind Sander, Trond Brænne Sjå dette på Wikidata
KlippPål Gengenbach Sjå dette på Wikidata
MusikkCalexico Sjå dette på Wikidata
SjeffotografPhilip Øgaard Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato2003
Lengd85 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangerdramakomedie Sjå dette på Wikidata

Filmen vart rimeleg godt motteken av kritikarane og fekk Amandaprisen for «Beste skodespelar» (Aksel Hennie) i 2003, og han var også nominert til «Beste film». Prisen for «Beste skodespelar» vann filmen også på Brussels European Film Festival, der han i tillegg var nominert til Golden Iris. Filmen vann også «Beste film» på Salemo Shadowline Film Festival i Italia.

Handling endre

Jonny Vang (Aksel Hennie) bur på ein liten stad i Gudbrandsdalen. Han prøver å etablere ei verksemd som skal drive med oppdrett av makk, men ambisjonane hans er truga av banksjefen (Trond Brænne), som ikkje vil låne han den nødvendige pengesummen. Han bur med mor si, Brita (Marit Andreassen), og den vanskelege venen hennar, Odvar (Bjørn Sundquist). På toppen av alt dette, har han også eit forhold til Tuva (Laila Goody) – kona til bestevenen hans, Magnus (Fridtjov Såheim). Det vert ikkje betre når ein ukjend person slår han ned med ein spade …

Rolleliste endre

Skodespelar Rolle
Aksel Hennie Jonny Vang
Laila Goody Tuva
Fridtjov Såheim Magnus
Marit Andreassen Brita
Bjørn Sundquist Odvar
Nils Vogt Politimann
Anders Ødegård Gunnar
Silje Salomonsen Helene
Trond Brænne banksjef

Produksjon endre

Jonny Vang var debuten til Jens Lien som filmregissør.[2] Lien hadde tidlegare etablert seg som reklamefilmregissør.[3] Han hadde også vore representert to gonger på Cannes filmfestival, med kortfilmar.[4] Han skildra filmen som «ein dramakomedie, ei saftig historie, liv, lyst og rock 'n' roll. Det er ein komedie på blodig alvor.»[4]

Lien syntest fyrst at Hennie var for ung for rolla, men skodespelaren gav seg ikkje før han til slutt hadde overtala regissøren om at han var rett mann for rolla.[2] Filmen, som finn stad i Gudbrandsdalen, vart filma på tettstaden Fåvang.[5]

For å få løyve frå Calexico til å bruke musikken deira i filmen, måtte Lien personleg reise til USA. Han tok med seg ein uferdig versjon av filmen, men den einaste staden han kunne få spelt av ein VHS i PAL-formatet, var i ein videobutikk, der om lag 30 kundar såg på saman med bandet og regissøren, som måtte simultanomsetje for dei.[6] Musikken er ei blanding av tradisjonell USA-amerikansk og meksikansk musikk og er henta frå albuma Spoke (1997), The Black Light (1998) og Hot Rail (2000).[1]

Mottaking endre

Jonny Vang vart rimeleg godt motteken i den norske pressa. Dagbladet gav filmen fire av seks poeng og skrytte av gode scener, men fann han likevel litt føreseieleg. Filmmeldaren nemnde også musikken til Calexico som noko av det beste ved filmen.[7] Per Haddal i Aftenposten hav han fem av seks poeng og meinte filmen var ein godt fungerande komedie. Haddal nemnde også musikkvalet.[5]

Kritikarane utanfor Noreg var mindre entusiastiske. Bladet Variety skrytte av skodespelarprestasjonane, men syntest filmen mangla «driv og tyngd».[8] Filmmeldaren på den svenske nettstaden «DVD forum» spøkte med at han lo ofte, så han håpa det var ein komedie han såg. Generelt var han nøgd med filmen, men han syntest prestasjonen til Hennie var noko «teatralsk».[9]

Aksel Hennie fekk Amandaprisen for «Beste skodespelar» for innsatsen i filmen i 2003. Filmen var også nominert i kategorien «Beste film», men tapte for Bent Hamer sin Salmer fra kjøkkenet.[10] Hennie vann også prisen for «Beste skodespelar» på Brussels European Film Festival, i tillegg til at filmen vart «Beste film» på Salemo Shadowline Film Festival.[10]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Jonny Vang» på Filmweb.no (14.02.2003).
  2. 2,0 2,1 «En bygdelatino går til filmen» av Sissel Fantoft på Dagbladet.no (23.07.2008).
  3. «Brysom type» av Vegard Larsen på Dagbladet.no (15.05.2006).
  4. 4,0 4,1 «Debuterer med blod, lyst og rock'n'roll av Lars Ditlev Hansen på Aftenposten.no (03.05.2002).
  5. 5,0 5,1 «Heldig om uheldig mann» av Per Haddal på Aftenposten.no (10.02.2003).
  6. «Trivia for Jonny Vang (2003)» på IMDb.
  7. «Bygderaringen Jonny» av Kurt Hansen på Dagbladet.no (14.02.2003).
  8. «Johnny Vang» av David Stratton hjå Variety (18.02.2003).
  9. «Jonny Vang» av Thomas Evensson på DVDforum.nu (09.05.2004).
  10. 10,0 10,1 «Awards for Jonny Vang (2003)» på IMDb.

Bakgrunnsstoff endre