Joop van Oosterom

Joop van Oosterom (12. desember 193722. oktober 2016) var ein nederlandsk forretningsmann og sjakkspelar. Han var internasjonal fjernsjakkstormeister,og han vann den 18. og den 21. verdsmeisterskapen i fjernsjakk.

Joop van Oosterom

JoopvanOosterom.jpg

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 12. desember 1937
Hilversum
Død

22. oktober 2016
Monaco

Idrett sjakk, carambole

Joop van Oosterom var fødd i Hilversum. I 1955 vart han nederlandsk juniormeister, og kom på 7. plass i junior-VM. Etter avslutta utdanning satsa han likevel ikkje på sjakk, men grunnla IT-firmaet Volmac. I 1988 selde han sin lut i selskapet for om lag 1 milliard euro, og blei rekna som ein av dei ti rikaste nederlenderane.

Frå 1992 sponsa han ei sjakkturnering i sitt nye heimland Monaco, og kalla henbe opp etter dottera Melody Amber. 12 av dei sterkaste sjakkspelarane i verda blir kvart år invitert til å delta i ei turnering i blindsjakk og hurtigsjakk.

Van Oosterom var ein sterk fjernsjakkspelar. Allereie i 1980 vann han den nederlandske meisterskapen. Etter at han i 2002 kom på 2. plass i det 15. fjernsjakk-VM, lukkast han i 2005 å vinne den 18. verdensmeisterskapen, og deretter den 21. verdsmeisterskapen. Det er kjent at han i stort omfang bruka sjakkprogram og tar mot hjelp frå stormeistrar i sjakk. Dette er likevel ikkje forbode i noverande reglar for fjernsjakk, og motstandarane hadde høve til å gjere det same.

KjelderEndra