Jordanka Donkova[a] (fødd 28. september 1961) er er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar frå Gorni Bogrov som tevla i hekkeløp og sprint. Ho vart olympisk meister på 100 m hekk i 1988, samt europameister i same øvinga i 1986. Donkova er eigar av gjeldande (2014) verdsrekord på 100 m hekk, sett i 1988 og notert til 12,21 sekundar.

Jordanka Donkova

Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 28. september 1961 (62 år)
Sofia
Yrke friidrettsutøvar
Høgd 175 centimeter

Aktiv endre

Donkova debuterte internasjonalt under sommar-OL 1980 i Moskva, der ho vart slått ut i semifinalane på 100 m hekk. I 1982 tok ho sølvmedaljen på korthekken i EM i Aten på tida 12,54 sekundar, ni hundredels sekund etter vinnaren.

Frå midten av august 1986 til midt i september same år stod Donkova for fleire løp i ypparste verdsklasse. Den 17. august sette ho i Köln verdsrekord på korthekken med 12,35, ein rekord ho forbetra ein liten time seinare til 12,29. 29. august vann ho gullmedaljen på 100 m hekk under europameisterskapen i Stuttgart og to dagar seinare ein sølvmedalje på 4x100 meter stafett med Bulgaria. Den 7. september i Ljubljana forbetra ho hekkerekorden enno ein gong, då til 12,26.

I verdsmeisterskapen 1987 måtte Donkova nøye seg med ein fjerdeplass på 100 m hekk. Den 20. august 1988 i Stara Zagora sette ho derimot verdsrekord på 100 meter hekk med 12,21 sekundar, ein rekord som står i 2014. Under dei olympiske leikane 1988 i Seoul vann ho gullmedaljen på 100 meter hekk framom austtyske Gloria Siebert og vesttyske Claudia Zaczkiewicz.

Donkova makta ikkje å forsvare OL-tittelen på 100 m hekk under sommarleikane 1992 i Barcelona. Ho tok i staden ein bronsemedalje, slått av greske Voula Patoulidou og USA-amerikanske LaVonna Martin. Donkova fekk nok ein bronse på korthekken i friidretts-EM 1994 i Helsingfors.

Merknadar endre

  1. Bulgarsk skrift Йорданка Донкова

Kjelder endre