Opna hovudmenyen
Sjølvgåande jordbor på belter.

Jordbor er ein bor som vert nytta for å bore i jord, for å laga hol for gjerdestolpar og liknande.

Det finst ulike typar. Små jordbor, drevne med handmakt, vert nytta til lett hagearbeid og liknande. Ein kraftigare type er utstyrt med ein liten bensinmotor, slik at dei kan nyttast der ein ikkje kjem til med større maskinar. Traktormonterte jordbor vert nytta innan jordbruk, til arbeid i parkar og liknande. Den traktormonterte typen vert dreven frå kraftuttaket på traktoten, eller men ein hydraulikkmotor. Det finst òg jordbor som vert monterte på gravemaskinar og sjølvgåande jordbor. Dei større typane vert nytta for å bora hol for fundamentpålar.

Sjå ògEndra