Jordskjelvet og tsunamien i Indiahavet i 2004

Jordskjelvet i Indiahavet 2004 eller Sumatra-Andaman-skjelvet var eit undersjøisk megathrust-jordskjelv som fann stad den 26. desember 2004 utanfor Sumatra i Indonesia. Skjelvet førte til ein tsunami som råka landa i og rundt Indiahavet, frå Indonesia i aust til Somalia i vest.

Jordskjelvpunkta og skilja mellom jordskorpeplatene avteikna.
Animasjon av flodbølgja som følgde jorskjelvet.

Skjelvet blei målt til 6,5 på Richterskalaen og hadde ein momentmagnitude på mellom 9,1 og 9,3. Det var det største jordskjelvet sidan 1960-talet, og det andre eller tredje største som er blitt registrert med ein seismograf. Det var det største skjelvet i Indiahavet på om lag 600 år.

Hyposentereit var 160 km vest for Sumatra, tett ved øya Simeulue, og 30 km djupt. Det største undersjøiske jordskjelvet fann stad kl. 07.58.50 lokal tid (Sumatra, Thailand), rundt to timar etter soloppgang ved Sumatra (00.58.50 UTC eller kl. 01.58.50 norsk tid). Flodbølgjene som blei utløyste, trefte Sumatra kort tid etter og dei andre ramma kystane nokre timar seinare.

Kraftige etterskjelv gjekk føre seg i timevis, dei nordlegaste ved Andamanøyane i Bengalbukta; dei kraftigaste utløyste mindre flodbølgjer. Mindre kraftige etterskjelv heldt fram i dagevis.

Om lag 227 898 menneske døydde som følgje av skjelvet, dei fleste av flodbølgjene det utløyste. Bølgjene øydela også bygningar, som hus og hotell, og fiskereiskapar, og førte til store økonomiske tap og tilbakegang for fiske og turisme.

Sjå og endre

Kjelder endre