Opna hovudmenyen

Jorun Gulbrandsen

norsk politikar

Jorun Marie Gulbrandsen (fødd 13. oktober 1948) er ein politikar, pedagog og samfunnsdebattant frå Oslo. Ho var gift med Tron Øgrim frå 1969 til 1998, og er mor til Liv Gulbrandsen.

Jorun Gulbrandsen
Fødd13. oktober 1948
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiRaud Valallianse, Raudt, Arbeidernes kommunistparti
Yrkelærar
EktefelleTron Øgrim
BarnLiv Gulbrandsen

Gulbrandsen fullførte lærarskulen i 1971 og har seinare jobba både som lærar og lærebokforfattar. Ho vart medlem av Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF) i 1965 og medlem av Kvinnefronten ved stiftinga i 1972. Ved valet i 1985 toppa ho lista til Raud Valallianse i Oslo. I 1997 vart ho vald til leiar i Arbeidernes Kommunistparti, eit verv ho hadde fram til landsmøtet i 2006.

Spire Denne politikkartikkelen som har med Oslo å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.